Menu Close

Språk- og strikkekafé

Tysdag 12/9 startar vi opp igjen med strikkekafé. Denne tysdagen skal vi også vere vertskap for språkkaféen, som for tida byter på å hospitere hjå ulike organisasjonar. Målet er at dei som deltek på språkkafé skal verte presenterte for ulike aktivitetar i bygda, og vi skal altså fortelje litt om kva handarbeidslaget driv med.

Språkkaféen kjem til Sans og Samling 18.30, og vi snakkar kort om korleis laget fungerer, om butikken, om sykveldar og andre aktivitetar. Kl 19.00 håper vi det kjem masse folk som vil vere med på strikkekafé!

Blir du med på språk- og strikkekafé på Sans og Samling tysdag 12/9? Meld gjerne di interesse på Facebook, og del med vener og kjende: https://www.facebook.com/events/1863364013975581 
Etter 12/9 satsar vi på å ha strikkekafe annakvar tysdag frå 19-21. Det er gratis og ope for alle!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.