Menu Close

Årsmøte i Handarbeidslaget – innkalling

Onsdag 25. februar kl 19.00 vert det Årsmøte i Handarbeidslaget Sans og Samling. Vi håper mange av våre medlemmar vil delta og kome med innspel til sakene og til aktivitetsplanen for 2015.


Dagsorden med saksliste vert sendt ut til alle medlemmane seinast ei veke før Årsmøtet. Om medlemmar har saker dei vil at Årsmøtet skal ta stilling til må desse sendast inn til styret seinast to veker før møtet, altså innan onsdag 11. februar. Alle medlemmar som har betalt medlemskontingenten for 2015 har stemmerett.

Tid: onsdag 25. februar kl. 19.00

Stad: Sans og Samling, Lundevegen 8

Dei sakene vi veit at Årsmøtet skal handsame er: 

  • Vedtekter
  • Årsrapport for 2014
  • Rekneskap for 2014
  • Budsjett for 2015
  • Årsplan for 2015
  • Kontingent for 2016
  • Val av styre og valnemnd
Alle som var medlem i 2014 får innkalling til Årsmøtet 2015. Om du ikkje har betalt medlemskontingenten for 2015 må du hugse å gjere det. Alle skal ha fått e-post med betalingsinformasjon, men all informasjon ligg også på heimesida vår: http://www.sansogsamling.net/2015/01/medlemskontingent-for-2015.html

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.