arrangement, sying, symaskin

Sykveldar onsdagar frå 19 til 22

Har du ei symaskin? Bli med på sykveldar med Handarbeidslaget Sans og Samling. Det er ope for alle, gratis og sosialt 🙂 Sykveldane passar for alle – både erfarne/godt trente og meir rustne eller ferske syarar. Her kan ein be om hjelp, få inspirasjon av andre og skravle litt innimellom syduren. Stad: Leikanger barneskule (formingssalen) Tid: Annakvar onsdag… Read More Sykveldar onsdagar frå 19 til 22

arrangement, sying, symaskin

Redesign

I juni arrangerte handarbeidslaget eit lite kurs i redesign. Vi hadde to samlingar der Kristine  Rohde snakka litt om kva redesign går ut på, om ulike prosjekt med varierande vanskelegheitsgrad, og om ulike materiale ein kan bruke. Dei 12 deltakarane kasta seg ut i kvar sine prosjekt, og fekk tips, råd, innspel og tilbakemeldingar undervegs… Read More Redesign

arrangement, sying, symaskin

Kurs i redesign

Har du skapet fullt av kle du ikkje brukar? Gamle gardiner, dukar og stoff? Alt kan bli til noko nytt! Duk kan bli skjørt, voksduk kan bli strandbag, gardiner kan bli kjole, t-skorter kan bli hue, strikkegenser kan bli sparkebukse… Slepp kreativiteten laus, kutt forbruket, spar miljøet og skap noko ingen andre har make til!… Read More Kurs i redesign

arrangement, bakst

Lefsekurs med Kari Støfringsdal tysdag 15. mars

Foto: Ivar Husevåg Døskeland (cc-by) Handarbeidslaget arrangerer lefsekurs med Kari Støfringsdal – fylkeskulturprisvinnar, kvinna bak Fjordamattunet og ein viktig ambassadør for lokale mattradisjonar i fylket.  Vi skal lære å lage Jølstralefse, ei type Sunnfjordlefse med lite sukker i leiven slik at den òg eigna seg til fisk og lefse eller lefserull om ein ynskjer det. Denne… Read More Lefsekurs med Kari Støfringsdal tysdag 15. mars

arrangement

Minikurs i ølbrygging

Ølbrygging. Foto Morten Oddvik (CC-BY) Har du lyst å lære meir om ølbrygging? Bli med på introduksjonssamling i bryggehuset til Nils Henjum og lær om bryggeprosessen, ingrediensar, tidsbruk, ulike typar øl mm. Tid: Laurdag 21. november kl 12-14 Pris: 100 kroner (medlemspris) / 150 kroner (ikkje-medlemmar) Det er plass til seks personar på dette minikurset,… Read More Minikurs i ølbrygging