Menu Close

Sykveldar hausten 2025

Vi er ein liten gjeng som er glade i å sy, og som samlast på tekstilrommet på Leikanger barneskule annakvar tysdag for å sy i lag, diskutere, spørje om råd, inspirere kvarande og skravle. Rommet er stort og lyst, og godt eigna til syprosjekt. Alle er velkomne til å delta!

I haust startar vi opp tysdag 16. september, og samlinga er frå kl. 18.00 til kl. 21.00. Det ryktast også om kake på første sykveld 🙂

Det er også mogeleg å bli med i Facebook-gruppa Sykveldar med handarbeidslaget Sans og Samling.

Datoar for sykvelden hausten 2025:

  • 16/9
  • 30/9
  • 14/10
  • 28/10
  • 11/11
  • 25/11
  • 9/12

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.