Menu Close

Sommarmoro 2025

illustrasjon

Handarbeidslaget Sans og Samling arrangerer også i år aktivitetar for born og ungdom i sommarferien. I år arrangerer vi teikekurs for born i starten av juli, og sykurs for ungdom i august, begge med støtte frå Leikanger Frivilligsentral og Gjensidigestiftinga.

Sommarmoro er eit gratis tilbod til alle born og unge. Frivilligsentralen søker midlar og koordinerer aktivitetane.

Les meir om våre to arrangement:

Jakta på sommarskyggen 3. juli

Handarbeidslaget inviterer til ein teikneverkstad for barn mellom 6 og 12 år. Vi samlast i skogen, ungane får utdelt lerret og måle- eller teiknesaker, og vert utfordra til å teikne fine skyggar frå tre, blad eller anna.
Vi held på ein til to timar i skogen. Etter dette samlar vi oss og avsluttar med deling, prat og litt mat. Dei yngste ungane må ha med seg ein vaksen på dette. Heilt gratis å delta! Påmelding via skjema innan 30. juni: https://forms.gle/cypgy1Kc3kbVwook7

Sommarsaum

I august vil Handarbeidslaget Sans og Samling invitere ungdomar til å sy seg ein enkel kjole eller ei haremsbukse med ombruksbruksmateriale som sengetøy, gamle klede, stoffrestar eller for store klede på 4 dagar. Vi vil også utfordre ungdomane til å lage ein liten film av prosessen og ikkje minst resultatet. Ungdomane bør ta med eigne symaskiner, men vi skal forsøke å finne maskiner til utlån dersom det er behov for det.

  • Målgruppe: Ungdom mellom 13 og 16 år
  • Detaljert plan – (frå kl. 15 til ca. kl. 18 kvar dag)
    • Tysdag 12/8: Teikne/designe plagget.
    • Onsdag 13/8: Klipp av mønster og «zikzake» stoff
    • Torsdag 14/8: Sy!
    • Fredag 15/8: Vi feirer plagget med moteframsyning og litt god mat.»

Heilt gratis å delta! Påmelding via skjema innan 7. august: https://forms.gle/8mz3sGJqFzRerTgLA

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.