Menu Close

Planar for 2025

Lefsekurs

Handarbeidslaget Sans og Samling er i gong med å planlegge året, og ein del ting er allereie på plass. Fleire ting er under planlegging, og vi vil gjerne ha innspel til kva anna de vil vi skal gjere i år!

Faste arrangement: 

Onsdag 5. mars: Årsmøte på Herman med besøk frå Sogn bunadnettverk

Mars/april: Lefsekurs med Kari Støfringsdal

April: Kniplekurs for nybyrjarar med Anne Margrethe Stenstadvoll

Mai: Kurs i plantefarging av garn med Gitte Midtbø frå Gardsfargeriet

I tillegg til dette ønskjer vi å forsøke å få til eit nytt surdeigskurs, og vi har planar om ein temakveld der vi inviterer nokon frå Ukraina til å snakke om tradisjonelt kunst og handverk frå deira land.

Alle arrangement er ope for alle. Nokre arrangement er gratis (strikke- og sykveldane til dømes), medan andre vil koste litt. Når det kurs med påmelding og kursavgift vil medlemmer i handarbeidslaget få høve til å melde seg på før ikkje-medlemmer, og vil også få rabattert pris. Vil du bli medlem og støtte våre aktivitetar? Meld deg inn via skjema på heimesida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.